Program for dagen
Vi gler oss skikkeleg mykje til å feire den store dagen saman med dykk i Alta 7. august 2027!
Her finn de ein oversikt over dagen, frå vielsen i Nordlyskatedralen til middag, fest og forhåpentlegvis ein kveld vi seint vil gløyme.

Klokken 12.00: vielse i Nordlyskatedralen
Dagen startar med vielse i Nordlyskatedralen i Alta sentrum kl. 12.00. Vi håpar alle finn plassane sine i god tid før seremonien startar, slik at vi kan få med oss alt frå første stund.
Etter vielsen samlast vi utanfor katedralen for gratulasjonar og litt mingling, før brudeparet stikk av med fotografen for å knipse nokre bilete. Imens får de andre god tid til å forflytte dykk vidare til Kvenvikmoen.

Forflytning og samling på ny plass
Etter vielsen får brudeparet nokre timar framfor kamera, medan gjestene får god tid til å forflytte seg frå Alta sentrum til Kvenvikmoen.
Klokka 15.00 samlast vi igjen i Nordlyssalen på Kvenvikmoen, og då er det endeleg klart for middag og skikkeleg bryllupsfeiring! Her ventar god mat, noko godt i glaset og forhåpentlegvis både latter, gode historier og mange fine augeblikk utover kvelden.
Lag din egen nettside med Webador