Praktisk informasjon

Vi gler oss skikkeleg mykje til å feire den store dagen vår saman med dykk i Alta, laurdag 7. august 2027! 🥂

Her har vi samla litt praktisk informasjon som kan vere greitt å ha før den store dagen, alt frå kleskode og talar til påmelding og andre ting det kan vere lurt å vite. Vi håpar de finn det de treng, og at de gler dykk like mykje som oss!

Kleskode og antrekk

På kleskode er det ingen fasit. Kom i det du sjølv føler deg fin, komfortabel og klar for ein skikkeleg fest i!

Om det er dress, bunad, kjole, skjørt, noko fargerikt, noko klassisk eller noko heilt anna, det viktigaste er at du sjølv føler deg fin. 

Og eit lite tips: Sommerkvelder i Finnmark kan by på litt friske temperaturar, så ta gjerne med ein varm jakke eller eit sjal. Det kan fort bli godt å ha utover kvelden!

Om du er "søring" er anbefalt parfyme myggmiddel. 

Taler og musikalske innslag

Har du lyst til å halde tale eller bidra med eit lite innslag under middagen? Så kjekt! Ta kontakt med toastmasteren vår, Mari, i god tid før bryllupet, slik at ho får det med i planen for kvelden.

For at vi skal rekke å nyte både maten, talane og festen, har vi ei lita tidsgrense: Ingen talar eller innslag kan vare lenger enn 10 minutt.

Mari føretrekkjer at de sender ho brevduer. Adressa til brevdua er Bjerregaards gate 24B, 0172 Oslo. De kan også nå ho på mobilnummeret: 416 62 680

Svarfrist og allergier

Vi håpar du har lyst og moglegheit til å feire dagen saman med oss! Gi oss beskjed innan 1. mars om du kjem, enten på e-post eller telefon til Oda Elise.

Epost: oefrydenlund@me.com, telefon: 941 88 668

Gi oss samtidig beskjed dersom du har allergiar, intoleransar eller andre behov vi bør vite om, så skal vi sjølvsagt gjere vårt beste for å leggje til rette for ein fin kveld for alle.

Lag din egen nettside med Webador