Kva vi ønsker oss
Ønskeliste
Vi har eigentleg ikkje den lengste ønskelista i verda, men her er nokre ting vi set ekstra stor pris på:
Mat og kake 🥰
Vi ønskjer oss eit skikkeleg godt og variert koldtbord, og håpar nokon har lyst til å bidra med ein rett eller to! Det kan vere akkurat det du sjølv likar å lage. Heimelaga, enkelt eller litt fancy.
Har du lyst til å ta med mat eller kake til bryllaupet? Send gjerne ein e-post til oefrydenlund@me.com med kva du kunne tenkje deg å bidra med, så får vi litt oversikt over kva vi har.
Vi set stor pris på alle som har lyst til å bidra til festen vår! ❤️
Pengar
Vi sparar til bryllupsreise til Island, så om du vil bidra setter vi veldig pris på det.
Lengre sommar til Jon 🎣
Dette har vi dessverre ikkje funne i butikk enno, men om nokon har ein måte å ordne litt ekstra sommar og fisketid på, så tek vi gjerne i mot det.
Det viktigaste for oss er uansett at de kjem og feirar dagen saman med oss! ❤️
Lag din egen nettside med Webador